søndag 12. oktober 2008

When the we all get together with the Lord...

Hugs dagen kan koma vera nærmare enn du trur...

-Dagen når rike og fattige skal koma ilag med Herren.
-Dagen når låge og høge skal koma ilag med Herren.
-Dagen når dei svake ikkje er redde for dei sterke.
-Dagen me alle (læresveinane) skal koma ilag med Herren.

When we all -praise God- get together -Hallelujah-...

fredag 10. oktober 2008

Innkalling til møte.

Ja, i dag fekk eg innkalling til møte. Hehe, det var i grunnen litt tilfeldig. Då eg var på veg til jobb i dag, ropte plutselig den tidlegare volleyballtrenaren min på meg. Etter litt tid, stod eg då altså der med innkallinga i handa...

Møte skal finna stad på Kyrkjetunet på måndag. Temaet er ungdomsarbeid i bygdene våre.

"Ka vil han nå fram til med dette, då?" tenkjer kanskje du. Ja, ser du det ikkje? Er det ikkje flott at me læresveinar kan samlast om det viktigaste i liva våre? Er uttrykket "prioritet nummer ein" passande?

torsdag 9. oktober 2008

SUMming på Statoil...

Ja, her ein dagen stod eg og sleit på jobb (, som er Statoil, for dei som ikkje tok den). Dvs. sleit og sleit, det er no i grunnen ganske gildt å gjera noko litt anna for Gud òg. For det skal de vita at alt me gjer, gjer me for Herren. Uansett, stod eg no der bak kassa og ekspederte, ikkje eksploderte, sjølv om det til tider kan vera rett før det òg, men, ja...

"Javel, e' det SUM du hørre på, elle?" spør den neste som steppe opp framfor meg. Eg kunne jo ikkje akkurat lyga, så svaret blei ja, det. "Konge!" sa fyre før han tok vare og gjekk.
Han var jo sjølvsagt ikkje akkurat den siste i køen, så der vart ikkje tid til så mykje tenkjing der og då, men seinare henta eg sjølvsagt fram igjen det som hadde hendt, og eg må innrømma, eg tenkjer på det enno...

Utan at eg kan seia det heilt sikkert, går eg ut frå at karen var kristen. På bakgrunn av det må eg seia, eg syns det er utruleg kult at kristne kan møtst sånn heilt ut av det blå berre på grunn av ein song på ein bensinstasjon på landet. Det minne jo faktisk om då dei før i tida teikna på fiskar i sanden.

Og så må eg berre seia ein liten ting til. Me, og iallfall eg, har så utruleg lett for å tenkja at der er så få av oss kristne. At ein heilt sikkert må til neste NLM-skule for å finna ein annan som går med dei same tankane om livet. Det er faktisk ikkje sånn. Ikkje ver overraska om personen som sit på sida av deg på bussen kaller seg sjølv ein læresvein, men hugs det: Seier, gjer eller hinter me ikkje noko, finn me det heller aldri ut...

onsdag 8. oktober 2008

Læresveinen..?

Ja, kva er dette for ein blogg? Læresveinen? Hm... Nei, det er eg nok kan henda ikkje den rette til å svara på sjølv ein gong, men eg kan jo prøva...

Eg fekk no berre ein liten impuls her i kveld om at eg måtte oppretta denne bloggen, og, ja, eg kan vel ikkje seia noko anna enn at no er det gjort.

Kva som kjem til å verta publisert her og sånt, er eg neimen ikkje sikker på, men at det har noko med å vera ein læresvein, det kan du iallfall gå ut frå.

Nei, tida vil visa...Tenkte eg måtte ha med eit bilete, og som vanleg, enda eg opp på Google, for så å søkja"læresveinen". Dette er eit av bileta som dukka opp. "Bortgøymd i ein jungel" heiter det. Ser eg på det, minner det meg på ein måte litt om det å vera ein læresvein. Av og til kan me rett og slett ikkje sjå lenger enn ti meter framfor oss. "Kva skal henda med meg?" kan me spørja. Kanskje me får eit konkret svar, men skal me sanneleg sjå kva planar som er lagt for oss, må me ganske enkelt ta dei neste stegoein løynd sti i ein "jungel".