torsdag 9. oktober 2008

SUMming på Statoil...

Ja, her ein dagen stod eg og sleit på jobb (, som er Statoil, for dei som ikkje tok den). Dvs. sleit og sleit, det er no i grunnen ganske gildt å gjera noko litt anna for Gud òg. For det skal de vita at alt me gjer, gjer me for Herren. Uansett, stod eg no der bak kassa og ekspederte, ikkje eksploderte, sjølv om det til tider kan vera rett før det òg, men, ja...

"Javel, e' det SUM du hørre på, elle?" spør den neste som steppe opp framfor meg. Eg kunne jo ikkje akkurat lyga, så svaret blei ja, det. "Konge!" sa fyre før han tok vare og gjekk.
Han var jo sjølvsagt ikkje akkurat den siste i køen, så der vart ikkje tid til så mykje tenkjing der og då, men seinare henta eg sjølvsagt fram igjen det som hadde hendt, og eg må innrømma, eg tenkjer på det enno...

Utan at eg kan seia det heilt sikkert, går eg ut frå at karen var kristen. På bakgrunn av det må eg seia, eg syns det er utruleg kult at kristne kan møtst sånn heilt ut av det blå berre på grunn av ein song på ein bensinstasjon på landet. Det minne jo faktisk om då dei før i tida teikna på fiskar i sanden.

Og så må eg berre seia ein liten ting til. Me, og iallfall eg, har så utruleg lett for å tenkja at der er så få av oss kristne. At ein heilt sikkert må til neste NLM-skule for å finna ein annan som går med dei same tankane om livet. Det er faktisk ikkje sånn. Ikkje ver overraska om personen som sit på sida av deg på bussen kaller seg sjølv ein læresvein, men hugs det: Seier, gjer eller hinter me ikkje noko, finn me det heller aldri ut...